To frå Sunnylven IL går -Birken-
Birkebeinerrennet 17. mars er fullteikna. 12.000 løparar er klar til den 54 km. lange styrkeprøva mellom Rena og Lillehammer, to av dei er frå Sunnylven IL.
Paul Tronstad, -Birken-veteran med start nr. 20 i år.
Litt skuffande deltaking frå Sunnylven denne gongen. I 2006 hadde klubben tre deltakarar med i -Ungdomsbirken-, og fem i –Birken-.
Sjølv om rennet offisielt er fullteikna to månader før renndagen, som er rekordtidleg, er det framleis mogleg for deltakarar mellom 16-24 år å melde seg på.
Hans Kristian Stadheim stiller til start for 5. gong på Tingstadjordet på Rena.
Frå Stranda IL er desse påmeldt: M 25. Knut Anders Hatlen. M 35. Frank Edvard Sve. M 45. Geir Verpeide. M 55. Ole-Johan Lillestøl og Tore Loe.
Relaterte saker
Nyaste saker


