Skiskyting i Hornindal
Hornindal IL og Sunnylven IL arrangerer skiskyttarrenn i Grendadalen, Hornindal laurdag. Det er påmeldt over 100 deltakarar, 11 av dei frå Sunnylven IL.
På grunn av vanskelege snøforhold blir rennet arrangert med normalprogram med tilleggsminutt. Det er lagt ned eit stort dugnadsarbeid for å få avvikla konkurransen.
Frå Sunnylven IL stiller 11 unge skiskyttarar mellom 12-15 år. Det er: Håkon Elias Kjellstad, Sigurd Kjellstad, Asbjørn Kvam Karbø, Helge Kvam Karbø, Lars Kvam Karbø, Jørgen Ringdal Sæter, Ivar Ringdal Sæter, Odin Dyrkorn, Ola Tobias Røyrhus, Ole Hjalmar Bonsaksen, Trygve Aaland Tryggestad.
Rune Tryggestad i Sunnylven IL si skiskyttargruppe fortel at laget har kjøpt inn 6 skiskyttargevær til utlån. Deltakarane i stemne i Hornindal har trena to gonger for veka i heile haust, men har sakna snøen. Den har dei leita seg fram til både på Strandafjellet og i laurdagens trase, Grendadalen.
Relaterte saker
Nyaste saker


