Flytter renn i Sparebanken Møre Cup

Arrangørane av Sparebanken Møre Cup langrenn i helga, Stordal IL og Valldal IL må kaste om på planane. Snømangel gjer at begge arrangørane må finne nye arena for løpa.

Stordal IL har flytta rennet laurdag frå Stavsengfjellet skisenter til Langsætrane ved Overøye, ca. 700 meter å gå frå parkering blir ved alpinanlegget på Overøye. Start på rennet er som annonsert kl. 13.00.

Under kretsrenn på Valldal stadion for to år sidan var det nok snø og flotte forhold.
Ved Langsætrane er flotte snøforhold, opplyser Trond Sørås i Stordal IL. Han beklager at rennet må flyttast, men ved Stavsengfjellet skisenter er det ikkje nok snø no. Då påmeldingsfristen gjekk ut var 138 påmeldt til rennet i klassisk stil.

Motbakkerenn i Valldal

Også for Valldal IL ligg det an til flytting. På stadion er det kvitt, men ikkje forhold for langrenn torsdag, opplyser rennleiar Geir Myklebust. Valldal IL håper likevel å kunne arrangere renn, og har til skikretsen skissert eit opplegg som alternativ, eit motbakkerenn i Langdalen, -Meiadalen opp- i fristil. Distansane for den enkelte årsklasse blir halvert i høve til oppsett distanse, frå 2. til 7.5 km.

Endeleg beskjed om oppsett renn går som planlagt eller blir flytta, blir sendt ut tidleg fredag 12.01. Vi formidlar beskjed her.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven