Familiebading
Fredag 5. januar starta friidrett/trim med familiebading. Det blir bading kvar fredag fram til påske (ikkje i vinterferien). Skulle det bli naudsynt å avlyse, blir dette varsla med oppslag.
Retningsliner frå skuleeigar seier at det maks kan vere 25 badande i bassenget om gongen. Det betyr at vi må finne nye måtar å organisere badinga på. Vi vil som ei prøveordning dele badetidene slik:
Frå 17.30-18.30: For born i følgje med foreldre-busett i sentrum/Reset/Ringdal/Ljøen. Frå 18.30-19.30: For born i følgje med foreldre-busett i bygda og dalen. Frå 19.30-20.00: For dei som ønskjer å symje.
Pris: 25,- kroner for vaksne, 15,- kroner for born. Hugs å ta med badehette.
Friidrett/trimgruppa.
Relaterte saker
Nyaste saker


