Sunnylvs-benken i lakseelva
Å fiske med kran og kjetting i lakseelva på Korsbrekke er ikkje vanleg. Det måtte likevel til for å få på land igjen ein av innbyttarbenkane på Hellesylt stadion.
Tidleg i desember var ein av benkane som står langs elva borte. Etter nokre dagar vart den oppdaga i elva fleire meter lenger nede, nærmast i sjøkanten. Ei kraftig vindbyge hadde kasta den store tunge jarnkonstruksjonen ut i det våte elemet.
Med hjelp av dykker og den store lastebilen med kran til Hellesylt Trevare vart innbyttarbenken heisa på land, og står no der han skal vere. Veggar og tak er smadra, men kan reparerast.
Innbyttarbenken som hamna i elva er no på plass igjen, men treng nytt tak og veggar.
Om det var noko symbolsk i hendinga, at det var Sunnylven sin faste benk som vart senka, får vise seg når sesongen 2007 er omme.
Relaterte saker
Nyaste saker


