Kjempeløp i fri teknikk
Med 16. plass på 5 km. fri teknikk vart det ei kjempeflott avslutning av Anniken Hjellbakk Hole under Norgescup-helga på Sjusjøen.
Anniken starta som femte løpar ut og var fyrst i mål etter fullgått løp. I suveren stil og nesten uberørt gjekk ho inn til det som til slutt skulle bli ein knallsterk 16. plass. Tida var halvminuttet bak femte plass i løpet. Den andre deltakaren i K17 frå Møre og Romsdal, Karoline Bjerkeli Grøvdal, Isfjorden IL vart nr. seks, 23 sek før Sunnylven si nye skistjerne.
Dette var den fyrste helga med konkurranseløp for Anniken Hjellbakk Hole. Vi er spente på fortsettelsen, både i Sparebanken Møre Cup, og ikkje minst under junior-NM seinare i vinter.
Andre lokale plasseringar søndag: M18: 18. Runar Korsnes, Emblem IL, 87. Eirik Helsem, Stranda IL. M19/20: 69. Lars Petter Hauge, Valldal IL, 94. Stian Øye, Hovdebygda IL, 100. Vegard Godø, Emblem IL. M senior: 121. Knut Anders Hatlen, Stranda IL. K19/20: 36. Elisabeth Gjerde, Valldal IL
Relaterte saker
Nyaste saker


