Langrenn avlyst
Mykje nedbør som regn i lavlandet har ført til avlyste langrenn på nord-Vestlandet. Ein heller trasig start på sesongen for skifolket, og meir mildver er i vente.
Det tradisjonelle romjulsrennet på Skaret, Molde 30. desember vart avlyst. No fører same årsak, nemleg snømangel til at også Skåla IL og Solemdal IL avlyser renn fyrste søndag i januar. Om Sparebanken Møre Cup renn på Stavsengfjellet skisenter 13. januar og på Valldal stadion 14. januar kan gå som planlagt, står att å sjå.
Også Sogn og Fjordane har lite kvit vinter så langt. Tua-rennet komande helg er flytta til Seimsåsen på Årdalstangen.
Relaterte saker
Nyaste saker


