Avsluttar junior-NM med stafettetapper

Anniken Hjellbakk Hole og Steffen Hole går begge stafettetapper på lag for Møre & Romsdal søndag. Med det er eit flott og positivt juniormesterskap for dei to deltakarane frå Sunnylven IL over.

Steffen Hole har gode løp frå junior-NM bak seg, og som han avsluttar med stafettetappe søndag.
Anniken Hjellbakk Hole går tredje etappe på Møre & Romsdal sitt fyrstelag. Karoline Bjerkeli Grøvdal, Isfjorden opnar før Elisabeth Gjerde, Valldal tek over på den andre klassiske etappa. Anniken går som nemt tredje og Randi Vikhagen Gjeitnes, Skåla går fjerde, begge i fristil. Eit sterkt stafettlag som garantert vil hevde seg godt.

Kjersti Hoel, Valldal går på andrelaget saman med Kirsten og Synnøve H. Amundsgård frå Skåla og ein løpar frå Hedemark skikrets. Stafetten startar kl. 10.00

Steffen Hole går andre etappe i klassisk på andrelaget til gutane frå Møre & Romsdal. Dei andre på laget har vi ikkje namna på. Stafetten startar kl. 12.00

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven