Året frå A til Å, Sunnylven fotball
Nok eit år er ved slutten, og vi har her oppsummert litt av det som har skjedd, burde skjedd og som skal skje. Håper alle ser tilbake på året som har gått med positive auge, og at alle vil gjere sitt til at det neste blir enda betre.
Av Steinar Hjelle
Antall lag påmeldt til sesongen 2007 var heile 10 stk,
Bedrøveleg ver gjorde sitt til at nesten heile hausten vart våt, og grusbana måtte ofte i bruk.
Ca 100 aktive spelte på dei ulike laga våre.
Damelag i juniorklassa var det nye dette året, stor suksess og stor interesse rundt laget.
Elendig dømming liker ikkje kioskdamene, blir ikkje vafler og kaffi etterpå om det skjer…..
Fotballfesten vart ein suksess med stort oppmøte på Peer Gynt Galleriet.
Grilling på Sommardagane vart også dette året ein kjempesuksess.
Hellesylt IL eller Sunnylven IL, meiningane er mange om laget bør endre namn….
Ivrige sjeler i banenemnd, kioskgruppe og kamparr,gruppe er vi heldige som har.
Jentelaget med enorm innsats på Norway Cup – nr.3 i A-sluttspelet – veldig bra!
Kunstgrasbaner veks stadig fram på Sunnmøre, og i 2008 blir det også ein realitet på Hellesylt.
Løpebana rundt grasbana fekk nytt grusdekke – vart enda dårlegare enn den var…..
Media møtte opp på alle A-lagskamper, men var fråverande når damelaget spelte. Skjerping!
Ny 4.div.kontrakt for A-laget vart sikra i siste heimekamp mot Bergsøy, fortjent 2-0 siger.
Opprykk fra 4.divisjon gjekk til Rollon og Godøy – gratulerer!
Publikum på Hellesylt var fantastiske, møter opp uansett resultat, lag, dag og ver….
Q-tips og briller burde vore utdelt dommarane, dei verken høyrde på oss eller såg vår veg…..
Rica Parkett Cup, for tredje år vart eit bra arrangement gjennomført av Sunnylven.
Stranda klarte ikkje å vinne på Hellesylt i år, damelaget tapte og herrelaget spelte uavgjort.
Trenarar og oppmenn på laga la som vanleg ned ein stor innsats for alle unge og lovande.
Utdanna fire rekrutteringsdommarar som er klare med fløyte og kort til neste sesong.
Verdens beste dommar og spelar sat også i år på tribuna – dei veit og ser best!
W står for Vartdal og Vigra som rykte opp frå 5.div, og som får seg Hellesylt-tur i 2008.
X-faktoren for å rykke opp er å vinne på Hellesylt, det klarte ikkje Stranda dette året heller….
Yngres leiar i fotballgruppa ga seg etter sesongen, etter sju år i stolen – god innsats!
Zzzz, laga kan sove og kvile etter ein god sesong – neste sesong starter i april…..
Ære fortjener alle som var med og sørga for at sesongen vart gjennomført perfekt.
Ørsta var laget som rykte ned fra 3,divisjon, og som får gjeste Hellesylt stadion i 2008.
Årets høgdepunkt var A-laget sin kamp mot Stranda som samla 625 tilsk, og som endte 2-2.
Godt Nytt År!!!!


