Hellesylt stadion får kunstgras

Med 20 mot 5 røyster sa Stranda kommunestyre ja til kunstgras med undervarme på Hellesylt stadion. Ei positiv sak for bygdemobilisering og nærinspolitikk, og ein nøkkel til at det blir ei levande bygd, konkluderte ordførar Frank Sve før politikarane sa ja til ei stor og flott julegåve til Sunnylven.

Oddbjørn Vågsæter (Frp) tykte saka var vanskeleg, han meinte både ja og nei og ville vente til kommuna hadde pengar for sal av grusbana.

Ole Magnar Kjølås (Frp) var ikkje i tvil, han ville gå inn for søknaden no.

Svein Lunde (Krf) gjekk mot søknaden av økonomiske grunnar då ei støtte til bygging av kunstgrasbane på Hellesylt stadion ville krevje store låneopptak.

Jan Ove Tryggestad (Sp) var for utbygging no. Han minte om grusbana som ein gong var bygd på stor dugnadsinnsats, og som Stranda kommune ville få godt betalt for. Det var rett og rimeleg at pengar for eit sal gjekk tilbake til idretten i bygda.

Stein Øyvind Magnell (Sv) var både for og imot, men det var feil tidspunkt. Sunnylven idrottslaget hadde god grasbane og god grusbane, og sa at skadar oppsto oftare på kunstgras. Han ville sjå kjøparar av grusbana før han sa ja til kunstgrasbane.

Arild Ringdal ville også seie ja, men ville som Magnell vente med vedtaket til grusbana var seld.

Også Petter Hjørungdal (Sp) og Karl Andre Birkhol (V) stilte seg positive til søknade, det same gjorde Kåre Rørhuus Øie (Frp) som var svært glad for at Sunnylven skulle få kunstgrasbane med undervarme, og dermed snøfri arena heile året. -Sunnylven, gratulerer med dagen,- avslutta han.

Siste talar i debatten i kunstgrassaka var ordførar Frank Sve (Frp). Han var ikkje i tvil, han hadde følgt saka gjennom utvala og konkluderte med at det var ei positiv sak for ei lita bygd. Om grusbana var han heller ikkje i tvil, det var ikkje eit spørsmål om ein fekk seld arealet, men kor mykje kommuna fekk for -indrefileen-. Det kunne lønne seg å vente, meinte ordføraren.

Forslag frå Krf. om avslag fall mot to røyster, begge frå partiet. Dermed vart det vedtaket med 20 mot 5 røyster å gå inn for den omsøkte utbygginga. Dei fem som stemte for utsetjing var Arild Ringdal, OddbjørnVågsæter, Stein Øyvind Magnell, Eva Rinde Habostad og Svein Lunde.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven