Kalender
 
10.06.2012 13:00
Trimtreff Sætredalen

Nytt tap mot Herd

Sunnylven sitt a-lag vende poenglause heim då dei møtt Herd borte torsdag. Sjølv om laget skora to mål i andre vann bylaget 5-2 etter leiing 2-0 ved pause.

Sunnylven hadde tre endringar i lagoppstillinga frå 3-3 kampen mot HaNo. Veteranane Tor Odd Kjellstadli og Arne Storstein var ute og erstatta med ferskingane Helge Tryggestad og Daniel Nybø Støverstein. Sistnemde debutant i seriespel for a-laget. For Olav Åge Åsen som er i Trondheim kom Kjell Olav Hauge inn på laget.

Herd var best i denne kampen, men ikkje så mykje betre som resultatet seier. To fyrste måla kom før kvarteret var gått og var svært lettkjøpte. I andre omgang vart det 3-0, før Jan Ove Aslaksen reduserte. Herd la så på til 4-1 før Jarl Eirik Larsen Frøysa ordna 4-2. Straffesparket som gav 5-2 heilt på slutten var ein gåvepakke til Herd.

I gips

Trenar Sindre Hjelle er skuffa og lei av å tape kampar. Han saknar dei tøffe løpa og den engaserte innsatsen frå dei unge på laget. Men det er eit resultart av manglande oppmøte på trening, meinar han. Også andre omstende og uhell har påverka resultata for Sunnylven i haust. No er lagkaptein Arne Storstein truleg ute for resten av sesongen med ein finger i gips i fire veker. Andre er skada, bortreist på skule og militære, så spelarstallen er sterkt redusert.

Meir eigentrening

Men nedrykk fryktar trenaren ikkje. Det er mange kampar å sikre dei nødvendige poenga på, og med litt hjelp av andre lag er Sunnylven i 4. divisjon også neste år. Positivt på sikt er at fleire unge spelarar får erfaring i 4. divisjon. Hjelle hadde likevel håpa at dei trena meir eigentrening, spesielt kondisjon, då hadde dei hatt eit fortrinn i kampane.

Mål Sunnylven: Jan Ove Aslaksen (60.) Jarl Eirik Larsen Frøysa (80.)

Sunnylven sitt lag: Sivert Andre Belsby, Im Sture Flo, Karl Andre Birkhol, Kjell Olav Hauge, Eivind Louis Helset, Daniel Nybø Støverstein, Bård Forbord, Karl Magnus Hjelle, Vidar Even Leite, Jan Ove Aslaksen, Helge Tryggestad.

Innbyttarar: Jarl Eirik Larsen Frøysa, Torstein Tafjord, Leif Rune Tryggestad.

Serien, A-laget
20
16
3
1
78
-
33
45
51p
20
16
1
3
80
-
34
46
49p
18
13
1
4
75
-
36
39
40p
20
10
3
7
55
-
57
-2
33p
20
10
2
8
79
-
63
16
32p
19
9
1
9
55
-
55
0
28p
20
8
3
9
52
-
43
9
27p
20
6
2
12
54
-
64
-10
20p
20
5
2
13
45
-
74
-29
17p
20
2
2
16
38
-
91
-53
8p
19
2
2
15
31
-
92
-61
8p
Siste resultat
03.09 19:00 Sunnylven - Stranda 3-5
10.10 13:00 Tjørvåg - Hareid 2 0-1
10.10 13:00 Haddal - Åheim 1-10
10.10 13:00 Hovdebygda - Sæbø 6-0
10.10 13:00 Hasundgot - Gjerdsvika 4-3
02.10 15:00 Sæbø - Kvamsøy/ÅVK 2 4-2
02.10 13:00 Åheim - Hareid 2 4-2
02.10 13:00 Tjørvåg - Bergsøy 2 4-1
29.09 19:30 Hasundgot - Haddal 13-4
29.09 18:30 Sunnylven - Hovdebygda 2-3
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven