Kalender
 
10.06.2012 13:00
Trimtreff Sætredalen
Sunnylven - Norborg
Sunnylven er sterke på heimebane. Det fekk Norborg erfare, nok ein gong. To mål av Terje Flåm og eitt av Olav Åge Åsen gav 3-2 siger over orangetrøyene i eit spanande oppgjør på Hellesylt stadion. Det stod 1-1 ved pause.
Stemninga mellom 58 betalande var god på Hellesylt stadion torsdag kveld. Der tok Sunnylven sine fyrste tre poeng i år.

Kampen baud på mykje spaning frå avspark til slutt. Spelet bølga fram og tilbake stort sett heile fyrste omgang, og til slutt kom også måla. Gjestane frå Haram tok leiinga ved Tarjei Unkedal på ei litt enkel skoring etter 42 minutt. Minuttet etter stod det 1-1 etter flott prestasjon av Olav Åge Åsen, dagens kaptein på Sunnylven. Markkryparen glapp i hanskane til Geir Roar Gamlen og i nota. Laga gjekk til pause på 1-1 sjølv om sjansane til mål på corner og frispark var mange og store til begge lag.

Sunnylven var gode på slutten av fyrste omgang og heldt fram i andre. Raske Terje Flåm på topp var heile tida på jakt etter nettmaskene, og 54. minutt ut i kampen dundra han inn leiing 2-1. Han hadde to store sjansar litt seinare gav ikkje utteljing, men etter 84 minutt ordna han 3-1. Då var årets fyrste tre poeng innan rekkevidd for heimelaget. Norborg skape ny spaning mot slutten då Steffen Grytten skalla inn redusering, men nærare enn 3-2 kom ikkje gjestane, og måtte returnere utan poeng frå Hellesylt også denne gongen.

Norborg var eit godt og spelade lag som kunne ha fått med seg det eine poenget frå Hellesylt. Orangetrøyene var kanskje litt for broderande fram for mål. Sunnylven køyrde på sin vanlege resept med eit kompakt og godt forsvar, og lange framspel mot spissane. Kåre Bjørnes i mål var god, og Terje Flåm synte at det fortsatt er -krutt- i beina. Han blir ei målmaskin ut over i sesongen om han unngår skader.

Til kampen torsdag hadde Sunnylven fleire endringar på laget som tapte 1-2 for Stranda sist søndag. Nye mot Norborg var Nicolai Græsdal, Helge Tryggestad og Ole A. Ringdal. Helge Tryggestad og Nicolai Græsdal spelte sin fyrste seriekamp frå start for Sunnylven, og begge gjorde sine saker bra.

Alf Furland var god dommar som ikkje tillot anna enn fotball etter regelboka.
Kampfakta
Sunnylven - Norborg: 3-2 (1-1)
Hellesylt stadion
26. april 2007 19:00
4. divisjon 2007

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Alf Furland, Spk. Rollon
Assistentdomarar: Helge Liset, Stranda IL og Svein Vestnes, AaFK
Mål
0-1 Tarjei Gjerset Urkedal, 42 min.
0-2 Steffen Grytten, 87 min.
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Votering
Votering
Korleis går det heime mot Norborg?
Siger
65%
Uavgjort
0%
Tap
35%
Antall stemme:: 20
Alle møter:
20.09.2008 Sunnylven - Norborg 3-2 (1-1)
05.06.2008 Norborg - Sunnylven 2-2 (2-1)
13.10.2007 Norborg - Sunnylven 1-1 (0-0)
26.04.2007 Sunnylven - Norborg 3-2 (1-1)
25.11.2006 Sunnylven - Norborg 2 5-3 (0-0)
10.08.2006 Norborg - Sunnylven 5-3 (4-2)
04.05.2006 Sunnylven - Norborg 2-1 (1-0)
25.08.2005 Norborg - Sunnylven 3-3 (2-1)
12.05.2005 Sunnylven - Norborg 2-2 (0-1)
12.08.2004 Norborg - Sunnylven 3-2 (0-0)
06.05.2004 Sunnylven - Norborg 6-1 (4-1)
21.09.1997 Norborg - Sunnylven 0-5 (0-1)
06.08.1997 Sunnylven - Norborg 5-3 (1-2)
28.05.1997 Norborg - Sunnylven 2-4 (1-1)
15.09.1991 Norborg - Sunnylven 1-6 (0-3)
08.06.1991 Sunnylven - Norborg 2-0 (2-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven