KM-medaljer i alle valør

Sunnylven seglar opp mellom dei store langrennsklubbane i fylket. Etter fyrste dag av KM med Skåla IL og Solemdal IL som klassisk-arrangørar, vart det to gull, ei sølv og to bronsemedaljer.
Hans Kristian Hjellbakk Hole i gutar 13 år stod for største prestasjon då han knuste alle sine konkurrentar og gjekk inn til KM tittel.
Anniken Hjellbakk Hole fekk same medaljevalør og diplom i jenter 16 år. Marthe Hjellbakk Hole tok andre plass og sølvmedalje i kvinner 17 år, og det vart to bronse ved Steffen Andreas Hole i menn 17 år og Olav Erling Aaland i gutar 14 år.
Fleire resultat frå KM seinare.
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven