Nytt frå ski og fotball 27. januar

Ei stor og viktig skihelg ventar for langrennsløparane med KM i både klassisk og fristil. Og i fotball foregår treningane i klubben både ute og inne med rekorddeltaking. Her er litt om mangt i Sunnylven IL.
KM FRISTIL SOM PLANLAGT
Isfjorden IL står som arrangør av KM i langrenn fristil søndag. Arrangøren har nok snø og rapporterer å ha full kontroll på konkurransen som har samla 175 deltakarar. Arena er ved skytebana og parkering like ved. Startnummer blir utlevert i Isfjordhallen.

GULLHÅP USIKKER
Det er usikkert om Sunnylven sitt kanskje største gullhåp i langrenns KM, Anniken Hjellbakk Hole går 5 km. klassisk laurdag.
Ein muskel øverst i ryggen har valda problem. Anniken konkurrerte ikkje i siste renn i Strandacupen, men er meldt å vere på betring.

INNTEK STRANDA TRENINGSSENTER
A-laget til Sunnylven har ordna seg treningstid ved Stranda Treningssenter laurdag 4. februar frå kl. 14.00 til 15.30.

SOSIALTUR TIL SOGNDAL
Alt no er det planlagt sosialtur til Sogndal 1. og 2. april for A-lagsspelarar med følge og for supporterar av klubben.
Det blir jobba med å finne motstandar til treningskamp under opphaldet i Sogndal.
Fleire detaljer for påmelding, pris og reisemåte seinare.

MANGE TRENA I STRANDAHALLEN
Spelarar frå yngres i Sunnylven har hatt si andre trening i Strandahallen. 21 spelarar møtte sist tysdag. Veka før var talet 18.

SUNNYLVEN KAN FÅ JUNIOR 7-ARLAG
Treningsframmøtet til A-laget har vore imponerande stort både på inne og utetreningane. Totalt har nær 30 spelarar delteke så langt, mellom dei fleire i junioralder.
Etter det vi forstår blir det vurdert å melde på eit junior 7-ar lag for at alle skal få eit kamptilbod når sesongen startar for fullt. Påmeldingsfrist er 15. februar.
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven