Fyldig KM-tropp frå Sunnylven IL
Til helga skal langrennsløparar i fylket kjempe om edelt metall i KM. Sunnylven IL deltek med ei stor tropp, og der fleire vil kjempe heilt i toppen.
Skåla IL og Solemdal IL står for avvikling av dei klassiske øvelsane laurdag. Søndag er det fristil med Isfjorden IL som arrangør.
Det blir kåra kretsmester i alle klasser frå 13 år til senior. Distansane er frå 3 km. til 15 km.
Også 11-og 12-åringar kan delta, men ikkje i KM. Dei går kretsrenn.
Ved skistadion i Solemdal er der fortsatt gode forhold trass mildver denne veka. Det blir opplyst at rennet går i dei trasèar det var tenkt.
I alt 180 løparar er påmelde til konkurransen.
Startlister blir truleg lagde ut på Skåla IL si heimeside fredag, www.skaalaidrett.no
Frå Sunnylven IL deltek Ingvild Guro Hole, Anniken Hjellbakk Hole, Marthe Hjellbakk Hole, Steffen Andreas Hole, Per Ove Frøysa, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Olav Erling Aaland og Øyvind Hole.
Her er medaljeaspirantar i fleng. Om skival og smørning klaffar, kan det bli både edelt metall og KM-tittlar i bagasjen heim.
Langrennsgruppa har tinga overnatting for løparar og leiarar på Grand Hotel Bellevue, Åndalsnes. Om det går bra i dei klassiske løypene i Solemdal, tippar vi ikkje mykje feil at det blir pizza, både ein og fleire på den unge og spreke gjengen laurdag kveld.
Lukke til i løpene, og god pizza.

Relaterte saker
Nyaste saker