Stranda vidaregåande skule på sølvplass
For fyrste gong stilte Stranda vidaregåande skule lag i ein langrennstafett. I Romsdalstafetten kom elevlaget frå langrennslinja på ein flott andre plass.
Sølvlaget i junior kom frå Stranda vidaregåande skule og besto av frå venstre Eirik Helsem, Stranda IL, Tarjei Lund Tafjord, Eidsdal IL, og Steffen Andreas Hole, Sunnylven IL. (Foto: Jarle Hole)
Laget frå Stranda vidaregåande skule låg på andre plass under heile stafetten, same plassering som det vart til slutt på tida 39.09. Emblem 1. lag. vann på 37.37 som var dagens beste tid. PÅ vinnarlaget gjekk Vegard Godø, Runar Korsnes og Andreas Skagøy. Emblem 2. lag med Tarjei Korsbrekke, Odd Arne Skjong og Mads Larsen vart nr. 3 i junior på 44.05. MOI vann seniorklasa på 37.41. Dei tre laga som dominerte juniorklassa besto alle av løparar frå Storfjordlangrenn. Kvar er resten av langrennsfolket i skikretsen ?.
Løparane på sølvlaget kjem frå kvar sine klubbar, men alle er elevar ved langrennslinja på Stranda vidaregåande skule som dei representerer i stafetten.
Den nye idrettslinja har seks elevar, men berre to jenter og dermed ei for lite til å stille lag under stafetten på Skaret skisenter søndag.
Molde og Omegn IF var arrangør av Romsdalsstafetten.
Relaterte saker
Nyaste saker


