Gode i Valldal

Til tross for mildver kunne Valldal IL by på gode forhold då langrennsfolket stilte til start i fyrste renn i Sparebanken Møre Cup med skibyte. Alle dei åtte deltakarane frå Sunnylven IL gjekk gode løp og som gav pallplasseringar.
Bildet renn

Hans Kristian Hjellbakk Hole, Sunnylven gjekk til topps for tredje gong på rad. Asbjørn Kvam Karbø tok fjerde plass. (Foto Rune Hole)

Hans Kristian Hjellbakk Hole tok sin tredje strake siger på rad og er i storform. Steffen Andreas Hole i M 17 år kom nokre sekund bak Eirik Helsem, Stranda i M 17 år, og det same gjorde Anniken Hjellbakk Hole i J 16 år som leia etter den klassiske delen. Også Marthe Hjellbakk Hole gjekk til sølv i K 17 år.
Rennet denne gongen var i begge stilarter med like lang distanse i klassisk og fristil med skibyte i mellom. Konkurranseforma er ny i skikretsen, men arrangøren frå jordbærbygda gjennomførte det heile prikkfritt.
TD for rennet var Asle Fivelstad, Sunnylven IL.

Her er ein del resultat med lokale løparar:

Gutar 13 år, 1.5 + 1.5 km. (21 delt.)
1. Hans Kristian Hjellbakk Hole, Sunnylven 9.56, 4. Asbjørn Kvam Karbø, Sunnylven 11.31, 17. Thomas Astad Sve, Stranda 12.44.
Gutar 14 år, 1.5 + 1.5 km. (20 delt.)
1. Anders Astad Sve, Stranda 9.41, 2. Fredrik Astad Sve, Stranda 9.51, 4. Olav Erling Aaland, Sunnylven 9.53, 7. Øyvind Hole, Sunnylven 10.15, 14. Sondre Vågsæter, Stranda 11.10.
Jenter 13 år, 1.5 +1.5 km.
5. Elisabeth Hole, Stranda 12.05
Jenter 14 år, 1.5 + 1.5 km.
3. Stine Korsedal, Stranda 11.51
Gutar 16 år, 2.5 + 2.5 km.
5. Bjørnar Overvoll Hole, Stranda 15.46.
Jenter 16 år, 2.5 + 2.5 km.
1. Karoline Bjerkeli Grøvdal, Isfjorden 15 41, 2. Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven 16.01.06
Kvinner 17 år, 2.5 + 2.5 km.
1.Ingunn Sandbakk, Skodje 17.17, 2. Marthe Hjellbakk Hole, Sunnylven 17.32.
Menn 17 år, 5.0 + 5.0 km.
1. Eirik Helsem, Stranda 31.26, 2. Steffen Andreas Hole, Sunnylven 31.37, 3. Tarjei Lund Tafjord, Eidsdal 32.17, 4. Per Ove Frøysa, Sunnylven 34.38.
Menn 18/19 år, 7.5 + 7.5 km.
1. Ole Martin Hauge, Valldal 43.11, 2. Lars Petter Hauge, Valldal 43.45, 3. Johan Arnljot Hestnes, Betna 45.21, 4. Steffen Olsen, MOI 45.42
Kvinner 18/19 år, 5.0 + 5.0 km.
1. Camilla Myren Døving, Valldal 33.20.
Kvinner senior, 5.0 + 5.0 km.
1. Ann Eli Tafjord, Valldal 30.08.
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven