Kretscup i Valldal

Søndag brakar langrennsfolket saman om premiar og poeng i fyrste renn av Sparebanken Møre Cup denne vinteren. Rennet går i Valldal med skibyte for både klassisk og fristil.
Fredag kveld talde startlistene 170 løparar frå heile fylket. Det store talet deltakarar skulle ikkje valde den rutinerte langrennsgruppa i Valldal IL problem med avviklinga. Også snøforholda i løypene ved Valldal stadion er gode trass mildvær dei siste dagane.
Sunnylven deltek med åtte løparar som er: Hans Kristian Hjellbakk Hole og Asbjørn Kvam Karbø i G 13 år, Olav Erling Aaland og Øyvind Hole i G 14 år, Anniken Hjellbakk Hole i J 16 år, Marthe Hjellbakk Hole i J 17 år, Per Ove Frøysa og Steffen Andreas Hole i G 17 år.
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven