Lovar godt for Sunnylven

Sunnylven sitt A.lag er i rute framfor ein ny sesong. Trenar og to oppmenn er på plass, og tysdag startar fellestreningane på grusbana med mykje ungt i ein spelarstall på vel 20 mann.
Lovar godt for Sunnylven

Trenar for Sunnylven Sindre Hjelle

Sindre Hjelle er tilsett som trenar for A-laget. Han har ansvar for treningane åleine denne sesongen. Den andre trenaren i fjor, Karl Magnus Hjelle har signalisert nedtrapping, men blir med som spelar.

Generasjonsskifte

Sindre Hjelle fortel at årets spelarstall blir ei yngre utgåve enn tidlegare. Han er glad for at dei aller fleste av ”gamlekarane” er med, men eit generasjonsskifte er på gang framfor sesongen. I tillegg til opprykk av tre gutespelarar og to juniorar frå eigen stall, er to elevar ved Stranda vidaregåande skule til no klare, og det kan bli mange fleire.
Til no har spelarane hatt friviljug eigentrening med svært bra frammøte, mellom 16 og 18 på samlingane. Treningane i Strandahallen vil halde fram kvar torsdag ut over vinteren. Treningar ute blir kvar tysdag og fredag.

Lovande

Tysdag 17. januar kl. 19.00 er fyrste trening på grusbana på Hellesylt. Pr. i dag er bana tøya og tilhøva gode for trening.
Trenar Hjelle er optimist fram for sesongen, det ser lovande ut meinar han. Fleire av ei unge viser mykje kvalitet, så det blir garantert kamp om plassane på Sunnylven sitt 4. div.lag.
Arne Storstein var kaptein på Sunnylven i fjor. Det kan han bli også denne sesongen om han kjem i vanleg solid form, seier Hjelle. Før sesongen står Arne bokført med 492 kampar for klubben, og det kan bli rekord i antall spela kampar for 37-åringen i år. Der står Hans Hole på topp med 507.
Laget har to oppmenn i år, Leif Rune Tryggestad og Bård Forbord.
Serien, A-laget
20
16
3
1
78
-
33
45
51p
20
16
1
3
80
-
34
46
49p
18
13
1
4
75
-
36
39
40p
20
10
3
7
55
-
57
-2
33p
20
10
2
8
79
-
63
16
32p
19
9
1
9
55
-
55
0
28p
20
8
3
9
52
-
43
9
27p
20
6
2
12
54
-
64
-10
20p
20
5
2
13
45
-
74
-29
17p
20
2
2
16
38
-
91
-53
8p
19
2
2
15
31
-
92
-61
8p
Siste resultat
10.10 13:00 Tjørvåg - Hareid 2 0-1
10.10 13:00 Haddal - Åheim 1-10
10.10 13:00 Hovdebygda - Sæbø 6-0
10.10 13:00 Hasundgot - Gjerdsvika 4-3
02.10 15:00 Sæbø - Kvamsøy/ÅVK 2 4-2
02.10 13:00 Åheim - Hareid 2 4-2
02.10 13:00 Tjørvåg - Bergsøy 2 4-1
29.09 19:30 Hasundgot - Haddal 13-4
29.09 18:30 Sunnylven - Hovdebygda 2-3
25.09 18:30 Sæbø - Gjerdsvika 6-0
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven