Idrettsstøtte til lydanlegg
Sunnylven Idrottslag har vedteke å bevilge 5000,- kroner i støtte til det nye lydanlegg på Sunnylven samfunnshus.
Det var Hellesylt Ungdomslag som gjekk i brodden for anskaffelse av eit heilt nytt lydanlegg til ein verdi av 170.000,- kroner. Laget har søkt og fått støtte frå fleire til den viktige, men også tunge økonomiske investeringa.
Anlegget har to trådlause mikrofonar, ti bøylemikrofonar, forsterkar og antenneutstyr, og vart teke i bruk fyrste gong under romjulspremiera til HUL-teateret i fjor.
Leiar i Sunnylven IL, Knut Dag Langeland seier det er viktig også for idrettslaget å ha eit lydanlegg som fungerer på premiefestar, bingo og andre tilstelningar.
Saka vart drøfta i hovedstyret nyleg der det vart vedteke å støtte kjøpet med 5000,- kroner.

Relaterte saker
Nyaste saker