Vann mot godt SIF 2.-lag

Sunnylven vann 3-1 (2-0) mot SIF 2. då laga møttest i 13. serierunde på Hellesylt stadion. Ein flott start på haustsesongen for heimelaget som etter kampen klatra til 6. plass på tabellen.

Sunnylven-SIF 2. 3-1 (2-0)

Mål Sunnylven: Trond Ljøen (19) Jan Ove Aslaksen (42 straffe) Hans Kristian Stadheim (60)

Mål SIF 2. Thomas Gøns (90+2)

Gult kort: Per Arne Storøy, SIF 2.

Hoveddommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL

Assistentdommarar: Antoni Vike Danielsen, Sp.kl. Rollon, Kristian Melseth, FK Sykkylven.

Publikum: 64.

Sunnylven: Tommy Torsvik, Tor Odd Kjellstadli, Arne Storstein, Kim Sture Flo, Olav Åge Åsen, Kjell Olav Hauge, Trond Ljøen, Hans Kristian Stadheim, Jan Ove Aslaksen, Stian Melchior, Alf Ole Sundgot.
Innbyttarar: Ole Arnstein Ringdal, Bård Forbord, Vidar Even Leite, Jens Arve Forbord.

SIF 2.: Per Arne Storøy, Ove Fremsæter, Jon Helge Ødegård, Erik Fugelsø, Joakim Andersen, Øyvind Pickard, Oddvar Aarsæther, Joakim Olsvik, Tom Erik Olsbø, Vegard Stennes, Svein Andre Valdal.

Innbyttarar: Stein Helge Steffensen, Simen Skuseth, Thomas Gønz, Thor Klokk.

Oppgjøret på Hellesylt stadion vart innhaldsrikt og spanande. SIF 2. stilte eit godt lag med fleire spelarar frå fyrstelaget frå start. Sunnylven mønstra som vanleg mykje rutine, men også fleire unge spelarar som alle viste innsats som lovar godt framover.

Dei 64 betalande fekk sjå ein god kamp, stort tempo og mange mål. At det var heimelaget som skora mest, fall sjølvsagt i smak hos den trufaste heimefansen.

To mål i fyrste

Gjestane kom best i gong og mykje av spelet gjekk på Sunnylven sin banedel, men eit tett sunnylvs-forsvar med Tommy Torsvik i mål rydda unna alt.

Ein kjempesjanse kunne ha gjeve leiing til heimelaget då Alf Ole Sundgot lobba over keeper, men ballen slår i begge stolpane før Storøy i SIF 2. målet avverga.

Knappe halvvegs i omgangen blir det teljande resultat. Trond Ljøen gjekk til dødlinja, driblar seg forbi fleire i sebratrøyer før han skorar sikkert frå fem meter. Ein flott prestasjon.

På slutten av omgangen blir Alf Ole Sundgot takla ulovleg i straffefeltet, og dommar Oddbjørn Hatlehol peikar udiskutabelt på straffemerket. Protest frå SIF 2. sin målmann enda i kampens einaste gule kort. Jan Ove Aslaksen dundra straffen i mål, og 2-0 leiing til Sunnylven.

Gjestane i treverket

Varmen var sommarleg på stadion laurdag. Andre omgang vart difor litt svakare både tempo og spelemessig, men med eitt mål til kvart av laga.

Eit kvarter ut i omgangen blir det 3-0 til Sunnylven. Innkast frå lagkaptein Arne Storstein i sin kamp nr. 507 vart stussa vidare av Olav Åge Åsen til Hans Kristian Stadheim som skorar frå kort hald. Då var alle poenga sikra for heimelaget, men SIF 2. kunne med litt hell ha pynta på resultatet både ein og to gonger. Fyrst har laget eit skot i tverrliggaren, deretter set Tom Erik Olsbø straffespark i stolpen og ut.

To minutt på overtid får laget sitt trøstemål ved Thomas Gønz og kampen endar 3-1.

Jan Ove Aslaksen vart kåra til heimelaget sin beste denne gongen. God kamp også av Kim Sture Flo og Trond Ljøen.

Serien, A-laget
20
16
3
1
78
-
33
45
51p
20
16
1
3
80
-
34
46
49p
18
13
1
4
75
-
36
39
40p
20
10
3
7
55
-
57
-2
33p
20
10
2
8
79
-
63
16
32p
19
9
1
9
55
-
55
0
28p
20
8
3
9
52
-
43
9
27p
20
6
2
12
54
-
64
-10
20p
20
5
2
13
45
-
74
-29
17p
20
2
2
16
38
-
91
-53
8p
19
2
2
15
31
-
92
-61
8p
Siste resultat
10.10 13:00 Tjørvåg - Hareid 2 0-1
10.10 13:00 Haddal - Åheim 1-10
10.10 13:00 Hovdebygda - Sæbø 6-0
10.10 13:00 Hasundgot - Gjerdsvika 4-3
02.10 15:00 Sæbø - Kvamsøy/ÅVK 2 4-2
02.10 13:00 Åheim - Hareid 2 4-2
02.10 13:00 Tjørvåg - Bergsøy 2 4-1
29.09 19:30 Hasundgot - Haddal 13-4
29.09 18:30 Sunnylven - Hovdebygda 2-3
25.09 18:30 Sæbø - Gjerdsvika 6-0
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven