Mot storform for Steffen
Steffen Andreas Hole kan gå mot sin beste sesong i langrennsporet.
Testrennet under siste samling med Storfjordlangrenn, tyda i alle høve på at go`forma er i anmarsj.
Steffen Andreas Hole viste god form i testrenn sist helg.
-Jau det var artig vedgår Steffen Andreas. Då vi snakka med han på mobil var det leksearbeid på hybelen på Stranda. Tidlegare på dag hadde dei gjort unna ei to timers treningsøkt på skulen, som er vanleg kvar dag i den nystarta langrennsgruppa.
I tillegg til dei tre nemde gutane, er Tarjei Lund Tafjord, Eidsdal, Kjersti Hoel, Valldal og Marthe Hjellbakk Hole, Sunnylven elevar der.
Steffen Andreas har auka treningsmengda i sommar i høve til tidlegare. Det har blitt mykje rulleski, og han føle at han har blitt sterkare, seier han. I tillegg har han strekt seg mange centimeter frå i fjor.
Det går mot vinter og snø, og det blir spanande å følge med når konkurransesesongen startar, både med Steffen Andreas og hans konkurrentar.
Nyaste saker


