Viste fram pokalen frå Norway cup
Sunnylven reiste til Norway cup med to lag og til saman 22 spelarar, eit jentelag og eit gutelag. Begge var 7-ar lag, med Coop og Sparebanken Møre som sponsorar.
Jublande gutespelarar og trenarar med pokalen frå Norway cup. Framme frå venstre Helge Tryggestad, Per Ove Frøysa, Lars Jørgen Hole, Svein Erik Frøysa. Bak trenar Olav Åge Åsen, trenar Hans Kristian Stadheim, Hans Jørgen Fivelstad, Leif Rune Tryggestad, Steffen Andreas Hole, Ramazan Øcal, keepertrenar Stian Melchior. Frode Hauge og Ole Hjalmar Bonsaksen var ikkje til stades då bildet vart teke.
Laga gjorde det svært bra, langt over det som var forventa. Kanonbra innsats av begge, var fotballeiinga sin stolte kommentar.
Jentelaget kom til A-sluttspelet, og rauk ut fyrst i kamp om kvartfinaleplass mot Bømlo, laget som til slutt vann finalen for 7-ar jentelag. Å kome så langt i eit A-sluttspel i verdas største fotballturnering står det stor respekt av.
Gutelaget kom til B-sluttspel der dei måtte gje tapt i semifinalen mot Lensvik. Også det mot laget som vann B-finalen i klassa.
Sunnylvsgutane vart nummer tre og kom heim med stor premiepokal, den andre i klubben si historie frå Norway cup. Den fyrste sikra eit jentelag i 1987, også då med ein tredje plass.
Turneringa vart ein utruleg opptur for gutelaget som hadde tapt alle sine kampar i serien så langt i år, men ei bekrefting på at trening gjev resultat, og at fotballen fortsatt er rund.
Under A-kampen mot Vigra på Hellesylt stadion vart spelarane frå Norway cup som var til stades presentert for publikum, og sjølvsagt vart også den store blanke pokalen vist fram.
Relaterte saker
Nyaste saker
Mest lest
Sunnylven - Rollon 0-0 (0-0)
4. divisjon, 2008, Serien
Siste resultat
12.10 18:30 Ravn - Valder 2-4
12.10 18:30 Stranda - Sunnylven 0-4
12.10 18:30 Spjelkavik - Brattvåg 3-2
11.10 14:00 Ørskog/Skodje - Rollon 2-2
10.10 15:00 FK Sykkylven - Sunnylven 6-1
10.10 15:00 Blindheim - Bergsøy 1-8
10.10 15:00 Ørskog - Åmdal 1-3
10.10 15:00 Stranda - Vartdal 1-1
10.10 15:00 Åram/VanKam - Ørsta 1-3
10.10 15:00 Vigra - Hovdebygda 1-3


