Kalender
 
10.06.2012 13:00
Trimtreff Sætredalen

Sunnylven med to KM-vinnarar i langrenn

Sunnylven stilte med seks løparar under KM i langrenn i helga, og alle markerte seg med gode plasseringar mellom 150 konkurrentar frå heile Møre og Romsdal.
Fisher-gjengen

Sunnylven Il stilte med 6 deltakarar i KM. Framme frå venstre Olav Erling Aaland, Anniken Hjellbakk Hole, Marthe Hjellbakk Hole, Steffen Andreas Hole. Bak frå venstre: Hans Kristian Stadheim og Per Ove Frøysa.

KM-deltakere

Aller best gjekk det for Anniken Hjellbakk Hole i jenter 12 år, og Hans Kristian Stadheim i gutar 16 år som begge vart KM-vinnarar i klassisk stil.

I gutar 10 år med 26 deltakarar, men som talde berre i Sparebanken Møre Cup, gjekk Olav Erling Aaland inn til suveren siger, også i klassisk stil.

Andre deltakar frå Sunnylven IL var Marthe Hjellbakk Hole, Per Ove Frøysa og Steffen Andreas Hole.

Fullstendige resultat for Sunnylven IL sine deltakar i konkurransane på Skåla og i Isfjorden, kjem seinare.
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven