Alle stolpar på plass

Etter meir enn 30 år med jobbing for Linjebygg, veit Olav Skaue frå Skodje korleis ein stolpe skal reisast. I lysløypa til Sunnylven IL har han i haust sett på plass alle dei 70 stolpane for kabel og lys i den 3 km. lange løypetraseen.
Reising av stolper

Stolpestag

Å reise stolpane beint i lodd og få dei til å bli ståande slik, er målet, seier Skaue. Det har han lukkast med, for alle står der bortetter som flaggstenger.
Mesteparten er festa med stag i fjell. I Hyttehola er det mykje myrgrunn, og for grunt på fjellet til å låse stolpane med berre stein.
Han gjev idrettslaget eitt års garanti på arbeidet, og han reknar ikkje med å måtte take noko igjen.

Snart ferdig
Til no er kabel og lysarmatur montert i halve løypa. Både resten av det arbeidet og ein del anna går for fullt på dugnad. Med godt ver eit par veker til, er truleg det meste gjort.
Gravearbeidet på den nye lysløypa til Sunnylven IL starta i juli. Løypa er totalt på vel 3 km., og med ein trasebreidde på rundt 6 meter. Total kostnad er på 1.6 mill. kroner. Laget har fått 605.000,- kroner i spelemidlar, og tilskot på 90.000,- kroner frå Stranda kommune.

Kretsrenn i desember
Fyrste større langrennet i den nye lysløypa, blir arrangert 15. desember. Då er det terminfesta eit kretsrenn i klassisk stil. Truleg blir storparten av dei beste frå heile fylket å finne på start her. Rennet er for alle klasser, kort distanse, som er 1 km. for 10 og 11 år, 2 km. for 12 og 13 år, 3 km. for 14 og 15 år, og 5 km. for junior og senior.
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven