Til Gålå på skisamling
Marthe Hjellbakk Hole, Per Ove Frøysa og Steffen Andreas Hole frå Sunnylven IL er mellom dei 27 løparane frå Storfjordlangrenn som er samla på Gålå i helga. Hans Hole er med som ein av leiarane.
Marthe Hjellbakk Hole, Per Ove Frøysa, Steffen Andreas Hole og Hans Hole
Samlinga som er den fjerde i haust, varer frå onsdag til søndag, og for mange er dette ei av dei fyrste treningane på snø denne vinteren. I hovudsak er det teknikk i både fristil og klassisk langrenn som skal vektleggjast denne gongen.
Også resten av norgeseliten er på Gålå i helga der BUL-sprinten blir arrangert på Gåla langrennsarena laurdag og søndag.
Relaterte saker
Nyaste saker


