Kalender
 
10.06.2012 13:00
Trimtreff Sætredalen

Støttespiller for fotballen i 20 år

Fredrik Stadheim mottok prisen "Årets sunnylving" på fotballfesten til Sunnylven IL i helga. Tildelinga er ein honnør for lang fartstid i klubben.


Fotballformann Ole Aasen (til venstre) utropte Fredrik Stadheim til "Årets sunnylving" på fotballfesten i helga.

Leiar i fotballgruppa, Ole Aasen, seier til Sunnmøringen at den langvarige innsatsen for idrettslaget gjennom snart 20 år er den viktigaste grunnen til at Fredrik Stadheim vart "Årets sunnylving".
Prisen, ein krystallvase med blomar, er innstifta av idrettslaget sin hovudsponsor, Storebrand. I vedtektene heiter det at den skal gå til personar som har vore aktive i klubben over lang tid. Ein kan få heideren berre ein gong.
- Eg følte eg kanskje var kandidat, likevel kom utnevninga som ei gledeleg overrasking på meg. Kjekt å sjå at idrettslaget verdset at folk stiller opp, seier Fredrik Stadheim.

Med i styre og stell
Prisvinnaren har vore med i hovudstyret til idrettslaget og styret til fotballgruppa. Han har vore aktiv deltakar på dugnadsaktivitetar. Fleire år har Fredrik Stadheim også vore engasjert i aldersbestemt fotball som oppmann både for jente- og smågutelag. Han har hatt hovudansvar for programheftet som fotballgruppa gjev ut kvart år. På fotballkampane er det Fredrik som har hand om speakerjobben.
- Om eg får lov, tek eg gjerne eit tak vidare. Men eg veit jo at det krevst litt meir av ein speaker når laget hans er kome til tredje divisjon, så eg veit ikkje. Eg er no spent på om eg kjem med på laget sjøl, fleipar Fredrik med glimt i auget.

Har bevart fotballinteressa
I yngre dagar spelte han på gutelaget "Kjapp". Han miste ikkje interessa for fotball då karrieren var ferdig på fotballbanen, og synest framleis at sporten er sterkt engasjerande.
- Fotball kan vere forferdeleg spennande. Lagspelet kan også ha stor verdi for ei bygd, både sosialt og på andre måtar. Gjer laget det godt vil dette gje bygda god reklame, seier prisvinnar Fredrik Stadheim om kvifor han satsar så mykje på fotball. Ei tid hadde han også sine eigne barn med i den aldersbestemte fotballen.

Fra Sunnmøringen, onsdag 17. nov. 1999
Serien, A-laget
20
16
3
1
78
-
33
45
51p
20
16
1
3
80
-
34
46
49p
18
13
1
4
75
-
36
39
40p
20
10
3
7
55
-
57
-2
33p
20
10
2
8
79
-
63
16
32p
19
9
1
9
55
-
55
0
28p
20
8
3
9
52
-
43
9
27p
20
6
2
12
54
-
64
-10
20p
20
5
2
13
45
-
74
-29
17p
20
2
2
16
38
-
91
-53
8p
19
2
2
15
31
-
92
-61
8p
Siste resultat
03.09 19:00 Sunnylven - Stranda 3-5
10.10 13:00 Tjørvåg - Hareid 2 0-1
10.10 13:00 Haddal - Åheim 1-10
10.10 13:00 Hovdebygda - Sæbø 6-0
10.10 13:00 Hasundgot - Gjerdsvika 4-3
02.10 15:00 Sæbø - Kvamsøy/ÅVK 2 4-2
02.10 13:00 Åheim - Hareid 2 4-2
02.10 13:00 Tjørvåg - Bergsøy 2 4-1
29.09 19:30 Hasundgot - Haddal 13-4
29.09 18:30 Sunnylven - Hovdebygda 2-3
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven