Jubileumspokal til trenarduoen

Brørne Karl Magnus (til venstre) og Sindre Hjelle - spelande trenarar i Sunnylven - vart årets vinnarar av Jubileumspokalen. Utdelar var Sissel Ringdal, leiar i hovudstyret.
Det knyter seg alltid spaning til utdelinga av Jubileumspokalen på årsmøtet i Sunnylven IL.
I år gjekk den høgthengande utmerkinga til to representantar for fotballen i klubben - trenarduoen Karl Magnus Hjelle og Sindre Hjelle.
Leiar for hovudstyret i idrettslaget, Sissel Ringdal, delte ut prisen og refererte frå grunngjevinga:
- Prisvinnarane har med sitt engasjement som spelande trenarar for Sunnylven, vore sterkt delaktig i at klubben har avansert frå 5. til 3. divisjon på to sesongar.
Det er to utøvarar med gode haldningar til idretten. Dei er såleis verdige vinnarar av Jubileumspokalen, heitte det mellom anna i grunngjevinga.
Jubileumspokalen vart gjeven til laget sitt 75-årsjubileum, og har på årsmøtet sidan blitt delt ut til laget sine fremste utøvarar, etter framlegg frå hovedstyret. Ved 100-årsjubileet i år 2001 får den med flest napp pokalen til odel og eige.
Fra Sunnmøringen, lørdag 4. des .1999
Relaterte saker
Nyaste saker
Mest lest
Serien, A-laget
Siste resultat
10.10 13:00 Tjørvåg - Hareid 2 0-1
10.10 13:00 Haddal - Åheim 1-10
10.10 13:00 Hovdebygda - Sæbø 6-0
10.10 13:00 Hasundgot - Gjerdsvika 4-3
02.10 15:00 Sæbø - Kvamsøy/ÅVK 2 4-2
02.10 13:00 Åheim - Hareid 2 4-2
02.10 13:00 Tjørvåg - Bergsøy 2 4-1
29.09 19:30 Hasundgot - Haddal 13-4
29.09 18:30 Sunnylven - Hovdebygda 2-3
25.09 18:30 Sæbø - Gjerdsvika 6-0


