Ung pokalvinnar

Hans Jørgen Fivelstad (til høgre) og Karl Johan Espe, leiaren i ski- og trimgruppa, med Ingvald I. P. Tryggestads vandrepokal
Av faste innslag på årsmøtet til Sunnylven IL, er overrekking av vandreprisar.
Ni år gamle Hans Jørgen Fivelstad vart årets vinnar av Ingvald I. P. Tryggestads vandrepokal, ein pris som blir tildelt etter loddtrekning mellom dei som har teke skimerke.
Hans Jørgen, som også er ein ivrig fotballspelar på minigutlaget, gjekk til skimerket i Sunnylvs-cupen, og vart trekt ut mellom 40 andre som klarte kravet sist vinter.
Overrekkinga vart gjort av leiaren i ski- og trimgruppa, Karl Johan Espe.
På idrettslaget sitt 100-års-jubileum i år 2001, vert den endeleg utdelt, også då etter loddtrekning mellom alle med aksje i vandrepokalen.
Fra Sunnmøringen, lørdag 4. des .1999
Nyaste saker


