Frustrert over leiarmangel i Sunnylven
Sunnylven IL har vanskar med å finne folk i sentrale leiarstillingar for det komande året. Jan Ove Tryggestad i valnemnda er frustrert over den vanskelege stoda.

Leiar i valnemnda i Sunnylven IL, Jan Ove Tryggestad
- Det er særskilt vervet som leiar i fotballgruppa som valdar bry, og den tiltenkte leiaren for hovudstyret seier at han heller ikkje tek på seg jobben dersom fotballeiaren ikkje er på plass. Det er ikkje problem med å få folk til å stille i gruppene, men leiarar er det vanskeleg å finne, seier Jan Ove Tryggestad til Sunnmøringen.
Han har sjølv vore involvert i både friviljuge lag og organisasjonar og politisk arbeid i ei årrekkje, og synest det er på beklage at det som før vart sett på som litt status, ikkje lenger er freistande for folk.
Han legg vekt på at det aldri før har vore så gode tilhøve på anleggssida i Sunnylven IL - særskilt i fotballgruppa - med det nye klubbhuset til fleire millionar kroner.
Sjukdomsteikn
- Det er ikkje enkelt å drive fotball i Sunnylven, men det er det vel ikkje andre stader heller. Eg synest det er eit sjukdomsteikn i samfunnet at ein ikkje greier å stille folk i friviljuge lag og organisasjonar. Folk er mest opptekne av å tene pengar. Dei er slitne, og vil helst slappe av i godstolen når arbeidsdagen er slutt. Det er leitt at desse vanskane oppstår no. Det har skjedd så mykje positivt i Sunnylven IL dei siste åra, og særleg no når A-laget skal opp i 3. divisjon skulle ein tru at det ville vere morosamt å vere med, avsluttar Jan Ove Tryggestad.
Fra Sunnmøringen, lørdag 4. des .1999
Nyaste saker


